Nesten alle andre har gjort det. Nokon for ei god sak, og nokon for berre ei sak. Uansett har alle har ein grunn for å selje kalendrar med bilete av seg sjølve. Det har òg sauene på Barmen.

Sauene på Barmen har no produsert ein kalendar for sal på den opne marknaden. Kalendaren er sjølvsagt utsmykka med 13 motiv av nokre av medlemmane i flokken. Sauen Berta er tillitssau for saueflokken på Barmen, og fortel at det er ho som har tatt initiativ til denne kalendaren.

– Vi merkar på fleire måtar at det går mot eit nytt år. Og då passar det med ein kalendar, seier tillitsauen.

Berta viser fram kalendaren, og fortel at ho er rimeleg fornøgd med resultatet. Kalendaren er 20×20 cm, trykt på fotopapir og har god plass til notatar i tillegg til 13 bilete av sauer og to vêrar i ulike positurar.

Kvifor legg de ein kalendar med bilete av dykk sjølve ut for sal?

– Vi ynskjer å vere eit alternativ til alle kalendrane av lettkledde tobeinte som brettar seg ut på glansa papir, seier Berta, som har stor tru på at folk no vil ha ull framfor hud.

Frå før har vi høyrt om fleire lag og organisasjonar som kler av seg og lagar kalendrar for sal. Planen til sauene om ein kalendar med berre lettkledde sauer, stranda allereie etter januarbiletet.

– Sjølv om januarsauen Fru Sauterne  gjer så godt ho kan som modell, kjem vi ikkje frå at dette ikkje akkurat er så veldig fagert. Det er vel dette fotografane kallar eit ærleg bilete, og vi ser at Fru Sauterne ikkje er heilt komfortabel i situasjonen, seier Berta.

Sauen fortel dei hadde eit evalueringsmøte etter at dei var ferdig med januarbildet.

– Børre Godevêr (som sjølvsagt prydar novemberbildet) var tvilande då han skulle skildre kva kjensler han fekk då han fekk sjå januarbildet. Dette vart avgjerande for valet av motiv dei neste månadane, seier Berta.

 – Dette er difor ein kalendar for dei som likar ull framfor hud, legg Berta til.

Frå før kjenner vi til kalendarjenter i både inn- og utland, som kler av seg på kalendrar til inntekt for ei god sak. Difor lurer vi på kva god sak som ligg bak salet av kalenderen til sauene på Barmen?

– Vi ynskjer ikkje kommentere dette på noverande tidspunkt. Vi kan heller ikkje stadfeste om saka er god nok til å bli kalla god. Men det vi i alle fall kan stadfeste er at inntektene går til ei sak, seier ein løyndomsfull tillitssau.

Frå  sikre kjelder har sauen.no fått nyss om at alle inntekter frå salet av kalendaren går uavkorta inn på ein velferdskonto til saueflokken. Der pengane i all hovudsak vil bli brukt til kraftfôr. Sauene vil ikkje ha noko formeining om dette er ei god sak eller ikkje. Og let det vere opp til eventuelle kjøparar.

Kalendaren passar utmerkt til julegåve til ein sauepatriot.