– Sauer blir utnytta som underhaldningsobjekt

– Sauer blir utnytta som underhaldningsobjekt

Sauer blir utnytta som underhaldningsobjekt

Image link

Saudny er kritisk. Foto: Håvar Fagerli

Sauen.no kan avsløre at eit firma frå fastlandet har håva inn pengar på å vise fram sauer i grendahuset på øya. – Slik vi ser det, er det her snakk om at folk utnyttar sauer for å gjere eigen profitt,  og det reagerer vi kraftig på, seier den skuffa sauen Saudny.

– Det var ein tysdag ettermiddag at ein kvit bil merka med “Bygdekinoen” kom til øya. Framme i bilen sat ein blid, men svært mistenkjeleg kar.

– Nokre dagar tidlegare hadde øyfolket hengt opp plakatar som fortalde at ein sau med namnet Shaun skulle kome til øya denne dagen, fortel Saudny. Dei skarpe sauene på Fjellet forstod fort at det måtte vere ein samanheng mellom mannen frå firmaet “Bygdekinoen” og denne sauen Shaun, som var venta til øya denne dagen.

– Bilen som var merka med “Bygdekinoen” var truleg svært godt pakka, for der inne var ikkje berre sauen Shaun, men eit heilt ensemble, seier ei sjokkert Saudny.

Sauene kunne frå beitet sjå at fleire bilar med både øyfolk og fastlandsfolk parkerte rundt grendahuset. Litt tidlegare hadde òg firmabilen frå Bygdekinoen parkert rett framfor inngangsdøra til grendahuset.

– Dette var truleg for å smugle alle sauene usett frå bilen til Bygdekinoen og inn i grendahuset, fortel Saudny.

– Sjølv om vi ikkje med eigne auge såg Shaun og resten av sauene, kunne lyden frå grendahuset avsløre at her vart sauer heilt klart utnytta som underhaldning for betalande tilskodararar, kan Saudny avsløre.

Image link

Den blide, men mistenkjelege mannen frå Bygdekinoen heiter Roar Bakke. (Foto: sauen.no)

Image link

Saudny framfor plakaten.  (Foto: sauen.no)

Relaterte innlegg