Sauene på sauen.no er gammalnorsk spælsau, og opererer no under eit patentregistret  varemerke. 

Tillitssau Oddveig har følgjande kommentar til sauen.no:

-Vi er no heilt spesielle, og då er det heilt naturleg å operere under eit patentert varemerke, seier Oddveig.

Kva dette varemerket skal brukast til ynskjer ikkje Oddveig uttale seg om.

-Dette er noko vi alle veit, men av prinsipp ikkje snakkar høgt om, seier den brått ordknappe tillitssauen.

Skinn

Eit av produkta som ein kan kjøpe med sauen.no er skinn. Dette vert det ikkje snakka så høgt om i saueflokken, men det er forståing i flokken at ein også treng inntekter om ein vil ha kraftfôr.

Skinn frå sauen.no blir no seldt under varemerket Gammalnorsk spælsau. (Foto: Håvar Fagerli)

Her er eit utval av lammeskinna ein kan kjøpe med sauen.no.

I tillegg til skinn kan ein også kjøpe livdyr, foto og kjøtprodukt frå sauen.no.

Gammalnorsk spælsau

Sauene på sauen.no er rasegodkjent Gammalnorsk spælsau.

Gammalnorsk spælsau stammar frå den nordeuropeiske korthalesauen, som igjen stammar frå sauen sauene som følgde isen nordover for 10.000 år sidan. Korthalesauen vart truleg med vikingane til Island og Færøyane, og ga dermed opphavet til islandssauen. Difor kan vi seie at det er norønn arv som går i bakkane på Fjellet på øya Barmen.

Les meir her om kvifor gammalnorsk spælsau er ein sau for framtida.