7. des: Selma er glad i plassen ho bur på: – Det beste med Fjellet er utsikta.
Selma er fødd 15.04.2017, og er dotter av søya Agnes og vêren Gunnarsen.
Søya som likar å ha oversikt og elskar utsikta på Fjellet har sjølvsagt fått namnet Selma. Selma, som er eit kvinnenamn, var opphavleg namnet på Fingals borg i Macphersons Ossian-songar (1761–1763). Stadnamnet tyder ‘vakker utsikt’. (Store norske leksikon).
– Kva artikkel vil du trekke fram frå arkivet på sauen.no?
– Eg vil gjerne dele denne:
Etter eit stort press frå enkelte ekstroverte individ i saueflokken har sauen.no gått med på å lage ein adventskalender der nokre av desse sauene legg seg ut på nettet. Kvar dag fram til 24. desember må vi dessverre plagast med dette både på sauen.no, Instagram og Facebook.