Søyelamma Else og Elsesysta fortel til sauen.no at dei no ser lyst på livet etter at dei vart plukka ut som livdyr på Fjellet.

-Det kunne vore så uendleg så mykje verre, seier dei to søyelamma, som begge er smerteleg klar over kva som er alternativet til å vere livdyr.

Både Else og Elsesysta vil no gjere sitt til for at det igjen skal herske ei positiv stemning blant både sauebonde og resten av flokken. Dei to har fått med seg at sauedrifta på Fjellet ei stund har henge i ein tynn tråd.

Flokken aukar

Tillitssau Oddveig kan fortelje til sauen.no at ho har delteke på fleire møte med fjellarane, og kan røpe at det har vore nokre nedturar i drifta dette året. -Fjellaren har vore tydeleg på at det er ikkje vi som er skulda til nedturane, men heller storsamfunnet som ikkje set pris på pleie av kulturlandskapet.

-Sjølv om det kan sjå ut til at ikkje alle har vit til å setje pris på den viktige jobben vi gjer for kulturlandskapet, så blir vi faktisk berre meir motivert for å beite ned endå meir einer og kratt, seier Oddveig.

Difor har fjellarane og Oddveig blitt samde å auke opp med flokken med tre søyer og heile fire vêrar.

bilder av sau, sau, bilde av sau, gammalnorsk spælsau, sheep, photo of sheep, bw, gammalnorsk spælsau
Oddveig Kosinusdott (Foto: Håvar Fagerli)

Optimist

-Nokon vil kanskje kalle oss for naive, men vi har faktisk tru på denne vesle saueflokken og den viktige jobben den gjer. Vi er stolte av å høyre til saueflokken på Fjellet, og glade for at vi kan vere med å bidra, seier dei to optimistiske søyelamma Else (6 mnd.) og Elsesysta (6 mnd).

Else og Elsesysta har på trass av sin unge alder allereie greidd å bli ihuga sauetilhengarar av sjølvaste Jahn Teigen.

-Vi tykkjer songen «Optimist» av Jahn Teigen er dekkande for kva vi tenkjer om framtida som sau.

Førre artikkelBjørg (99006)
Neste artikkel-Mor, eg vil tilbake!