
20. des: Sjanti vil at flokken skal opptre meir som ein flokk som går i takt. – Denne saueflokken er litt for fargerik etter min smak med litt for mange utskot, seier søya som sjølv drøymer om ei militær karriere.
Sjanti har ambisjonar om ein gong å få ei militær grad der ho kan få gleda av å kommandere eit heilt kompani av søyer i slutta orden.
Søya røper at ho også er svak for musikksjangeren sjanti, altså arbeidssongar som vart brukt av sjøfolk til å arbeide i takt. Føresette for Sjanti er vêren Douglas og søya med interiør som fagfelt, Shabby Sheep. Sjanti er fødd 12. april 2019.
Sjanti er historieinteressert og vil trekke fram ein taktisk operasjon frå 2013 der sauene gjekk på vatnet.

Les meir om den dramatiske operasjonen her: