Agnes har vore ute ei vinternatt før, og grin ikkje på nasa av litt sibirkulde. Men Fjellaren vert litt meir uroa, når han høyrer kva meteorolog Stig-Arild Fagerli ved StormGeo seier.

Sauene på Fjellet er av rasen gammalnorsk spælsau, og går ute året rundt. Det gjer dei  også når gradestokken viser 8-10 minusgrader her ute ved Stadhavet. Dette er temperaturar som er langt under det som er normalt.

Tilbod til dei som heller ser verda i svart-kvitt. (Foto: Håvar Fagerli)

Som dei fleste andre mediehus i Sør-Norge driv også vi undersøkjande journalistikk om korleis ein får kvardagen til å gå rundt når det er så kaldt. Så då spør vi like godt ein representant frå saueflokken på Fjellet:

Korleis opplever du denne kulda?

-Sidan eg har ull og ein kropp som regulerer seg godt etter omgjevnadane, så kan eg svare; forfriskande, seier Agnes.

Agnes legg til at dette kalde, men tørre vêret, i grunnen er ideelt for gammalnorsk spælsau. Alle sauene på Fjellet har høve til å gå innandørs om dei vil, men likar seg mykje betre ute. Vi har sol, lite vind, ligg tørt og har godt med fôr.

-Men det er nok litt meir stressande for sauebonden som er ansvarleg for at vi har tilgang til friskt vatn, ler Agnes.

Kritisk for vasstilføringa

Så då går vi litt lenger opp i bakkane, og spør Fjellaren. Korleis opplever du denne kulda?

– Kaldt, og litt utfordrande. Sidan vi har hatt så tørt vêr, og det vesle vatnet som renn gjennom beitet fort kan fryse, så blir det litt jobb for å sikre at sauene har tilgang til vatn. I tillegg har vi privat vassforsyning som er utsett for frost når temperaturen ligg under minus sju, seier Fjellaren medan han går over vassleidningane. 

Fjellaren nyttar klipte ullfellar til å legge rundt leidningar og koplingar.

– Ullfellar frå gammalnorsk spælsau er det beste å bruke for å halde kulden ute. Det  isolerer godt sidan det er luftrom i fibrane. I tillegg er fellane naturleg impregnert, seier sauebonden.

Om nokon treng klipte ullfellar til isolasjon, kan ein få dei gratis med å hente dei på Fjellet, seier Fjellaren. (Her kan de lese meir om klippinga sommaren 2017)

Ull frå gammalnorsk spælsau isolerer både sau og vassleidningar. (Foto: Håvar Fagerli)

StormGeo ser lite mildvêr der framme

Sauen.no har merka seg at fleire nettstader driv og ringjer ein meteorolog, og spør korleis vêret blir. Då ringde vi også til ein vêrvarslar.

Meteorolog Stig-Arild Fagerli ved StormGeo. (Pressefoto)

– Korleis ser det ut?

– Vi ser lite mildvêr der framme, seier meteorolog Stig-Arild Fagerli ved StormGeo.

Etter litt famlande start på samtalen frå vår side, gjekk praten med meteorologen betre etter kvart.

Meteorologen kunne fortelje til sauen.no at temperaturen ligg om lag 10 grader under det som er normalt. – Det er uvanleg kaldt, og kraftbørsane melder om at straumprisane ikkje har vore så høge på to år, seier meteorologen.

Agnes som står ved sidan av oss, får med seg den siste informasjonen, og seier følgjande:

– Ja, då er det berre å glede seg over at vi går utandørs og er straumlause,  seier den nokså gnitne sauen.

Meterologen forklarar at kulden er eit resultat av at vi har eit høgtrykk over Skandinavia som fører austavind innover Sør-Norge. Denne austavinden fraktar med seg veldig kald luft frå Sibir.

Vi får også vite at den aller kaldaste perioden gradvis vil gå over til meir normal kulde, men det ser ut til å halde seg kaldt 14 dagar fram i tid. Sauen.no er svært takksam ovanfor den travle meteorologen som tok seg tid til å gje oss ei oppdatering på vêret.

Vinterteneste på Fjellet

Her kan de lese og sjå korleis Fru Winter driv opplæring i vinterteneste.

Førre artikkel– Marit Bjørgen er inspirasjonen
Neste artikkel– Slit i motvind