Bak luke nummer 22 finn vi sjølvaste Sjølvaste. (Foto: Håvar Fagerli).

22. des: – Eg er ein veldig viktig sau som ikkje flokken kan greie seg utan, seier søya som ber namnet Sjølvaste. 

Søya Sjølvaste meiner at flokken er heilt avhengig av ho, og ser på seg sjølv som ein VIS (Very Important Sheep, eller på norsk «veldig viktig sau» journ.anm.).

– Som ein VIS går eg sjølvsagt først i alle køer og forsyner meg alltid først av matfatet når det er servering, seier Sjølvaste når vi spør kva ein VIS gjer på.

– Men kvifor er du så mykje meir viktig enn dei andre sauene?

– Det har eg ikkje tenkt over, men eg er sikker på at dei vil ikkje greie seg utan meg, seier Sjølvaste.

– Sidan du ser på deg sjølv så viktig, kva er jobben din i flokken? Kvar gjer du og kva tilfører du til felleskapen?

– Det har eg vel svart på. Eg går først i alle køer og karrar til meg dei godene som er mogleg å få tak i, er svaret frå Sjølvaste. – Men det er ikkje alltid eg går først. Det hender at eg skubbar andre framfor meg. Spesielt om det handlar om kritikk eller negative tilbakemeldingar.

Sjølvaste er fødd 21. april 2021, og fekk ein barndom med puter sydd opp under alle fire beina. Foreldra Larsen og Hilda tek sjølvkritikk for det.

Søya Sjølvaste har allereie fått skriftleg åtvaring om mogleg omplassering til ny flokk på grunn av dårleg køkultur. Det virkar ikkje som Sjølvaste bryr seg så mykje om det.

– Her er det resten av flokken som har eit problem, ikkje eg, seier Sjølvaste.

Sjølvaste vil trekke fram ein artikkel frå arkivet som viser at det kanskje ikkje er så negativt å bli overført til ein ny sauebonde:

Fjellaren aksjonerte for kulturlandskapet

Førre artikkelSamantha: Meiner ho er ei ekte kalendarsøye: – Kjenner meg lurt og misbrukt
Neste artikkelFrøydis: – Med ein slik sauebonde treng vi ein sterk beredskap