Solsikke, pressetalssau og kommunikasjonssau, har berre godord å seie om saueklipparen Pål Støylen. – No er vi endeleg avkledde i  sommardrakt, smiler Solsikke.

Sauen.no var så heldige å vere med då saueklippar Pål Støylen klipte dei 37 søyene på Fjellet 7. juli 2015.

Klippar Støylen imponerte med god teknikk og flott klipping.

– Det var heilt herleg å bli handtert av Støylen, seier Solsikke, og vil ikkje utdjupe dette noko vidare.

sau, sheep, gammalnorsk spælsau, bilde av sau, foto, sauen, kommunikasjon, kommunikasjonssvikt, saueklipping, klipping av sau
-Pål Støylen kunne sine saker, seier frisørkontakt Ulla-Britt. (Foto: Håvar Fagerli)

Tillitssau Haldis var sjølvsagt tidleg i køen, og fekk gode skussmål frå frisøren.

– Pål Støylen sa eg var ein skikkeleg flott sau, skryt tillitsauen, og legg til at ho vil bruke dette for alt det er verdt i framtidige forhandlingar med Fjellaren.

Dette var ein flott sau!

sau, sheep, gammalnorsk spælsau, bilde av sau, foto, sauen, kommunikasjon, kommunikasjonssvikt, saueklipping, klipping av sau
– Eg er takksam for gode tilbakemeldingar frå Støylen, seier ein nyklipt Haldis. (Foto: Håvar Fagerli)

Etter kvart som dei nyklypte sauene kom ut av salongen vart dei møtt av måpande lam, som lurte på kvar resten av mora var blitt av. I nokre tilfelle vart mor og lam nesten jamstore. Ikkje alle lam ville vedkjenne seg mora med den nye sommarsveisen.

– Alle veit vel kor flaut det er med nakne foreldre, seier lammet 50008.

sau, sheep, gammalnorsk spælsau, bilde av sau, foto, sauen, kommunikasjon, kommunikasjonssvikt, saueklipping, klipping av sau
Karrieresauen Hornfrid prøver å overbevise sonen 50008 om at dette er sveisen som no er på moten blant sauer. (Foto: Håvar Fagerli)

Medan Støylen imponerte og  hausta applaus frå godt nøgde sauer, var det sjølvsagt ein annan som ikkje imponerte i det heile.

– Fjellaren rota det til denne gongen òg, seier Ulla-Britt. – Det er flaut at når ein ambulerande frisør besøkjer oss, så greier ikkje Fjellaren å få alle oss sauer på plass, legg frisørkontakten til.

Kommunikasjonssvikt

Frisørtimen var avtalt på førehand, men likevel var det tre søyer som ikkje møtte opp til rett tid i fjøsen.

– Fjellaren svikta igjen, dette er ein typisk kommunikasjonssvikt, seier kommunikasjonssau Solsikke.

– Medan frisøren gjorde ein fantastisk jobb innandørs, sprang Fjellaren  rundt på beitet som ein tulling. Inne frå fjøsen såg vi han slenge seg etter ein av oss som framleis var ute, følgde bestemt denne stakkars uvitande sauen inn på venterommet i fjøsen, før han sprang ut att, fortel Solsikke.

Solsikke sier vidare at Fjellaren ikkje hadde tid å høyre på Solsikke sine råd før han sprang ut igjen.

– Hadde berre Fjellaren fortalt desse sauene at dei hadde frisørtime, kunne han unngått å slite på desse tre flokkmedlemmane. Men vi veit no frå før at vi har eit kommunikasjonsproblem med Fjellaren, avsluttar kommunikasjonssauen.