Den glade Synna gøymer seg bak luke nummer 15. (Foto: Håvar Fagerli)

15. des: Søya Synna har rolla som revysjef i flokken: – Her er alltid rikeleg av materiale til nye nummer.

Synna er ein god instruktør og flink til å plukke ut dei rette kandidatane til dei ulike rollene, men det er ikkje alltid at alle har dei rette eigenskapane til å fylle rolla.

– Vi driv no og øver til det store julespelet. Eg vil spesielt trekke fram vêren Herman som tolkar rolla som Josef på glimrande vis. Men vi har eit kjempeproblem med Fjellaren. Det viser seg at han ikkje evnar å spele ein truverdig hyrding. Det er totalt mageplask og veldig pinleg, seier Synna.

Fjellaren meiner at han gjer ein god figur, og tolkar rolla som hyrding ut frå dei fortutsetningane han har.

– Ja, nettopp, seier Synne, som er instruktør for julespelet.

Synna er fagleg dyktig teatersøye, og er ei søye som spreier mykje glede i flokken. Ho er fødd 17. april 2021 og er dotter av søya Serianna og vêren Larsen.

– Kva artikkel vil du trekke fram frå arkivet til sauen.no?

– Eg vil heilt tilbake til 2013, og ein episode som kunne blitt eit bra revynummer:

Den store juletrekampen

Førre artikkelGjertine: – Vi hornlause sauer er også fine å sjå til
Neste artikkelBrede: – Det gjeld å tenke breitt, då kjem ein seg over alle hindringar