Oddveig tek det heilt med ro. – Lamminga har gått heilt smertefritt så langt, bank i beitet, seier tillitssauen til sauen.no.

Andre sauer reagerer på talemåten til Oddveig.- Å seie at det har vore smertefritt er vel å ta litt hardt i, seier Trine, som har fødd fram to store lam. – Oddveig har til å gode å lamme, så får vi sjå kor smertefritt ho opplever det, held tolamsmora fram.

Trine er ei god mor, og lamma tykkjer dei har vore heldige med mor si. Faren Adam, har dei endå ikkje møtt, så han kan dei ikkje utale seg om. (Foto: Håvar Fagerli)

Oddveig seier at Trine sjølvsagt ikkje må ta utsegna om smertefritt heilt bokstavleg, og legg til at enkelte sauer kan ha vanskar med å forstå språklege bilete.

– Men eg tek det som sagt heilt med ro. Lamminga går heilt etter planen, og Fjellaren held seg på passeleg avstand. Det er faktisk heilt avgjerande for at alt skal gå så fint, seier tillitssauen.

Tvillingar og trillingar par om par

Tillitssauen seier at det i skrivande stund spring 16 lam rundt på beitet. Sju søyer har lamma ferdig, og alt har gått fint så langt. Shabby Sheep og Marit kan smykke seg som trelamsmødre, noko som ikkje alle på garden er like godt nøgd med. – Men både Shabby Sheep og Marit er gode mødre, og greier fint å ta vare på kvar sine tre, seier Oddveig.

Fjellaren er litt meir skeptisk til trillingar, men seier at det ser ut til å gå fint så langt. – Det vart vel litt for mykje god møtemat før jul, seier Fjellaren. Han seier at mengda næring før paringa er med på å påverke kor mange lam kvar enkelt sau får. – Neste år blir det nok litt forhandlingar med flokken, der vi reduserer litt på serveringa (kraftfôr, journ.anm.) under møta våre, seier Fjellaren.

Nøgd så langt. (Foto: Håvar Fagerli)

Snikfotografering av nyfødde lam

Som ein ser på biletet over så har lamma våre kvar sin karakteristiske utsjånad. Noko av det første eit nyfødd lam møter på Fjellet er ei fotolinse. – Vi har avtale med Fjellaren at han skal halde seg litt på avstand under lamminga, men likevel snik han i buskene med telelinsa, seier Oddveig.

Sauen.no har undersøkt litt kvifor Fjellaren driv med denne snikfotograferinga av nyfødde lam. Svaret vi får er oppsiktsvekkande; Fjellaren seier at dette er til dokumentasjon av kvart enkelt lam og deira opphav. Det vil seie at Fjellaren ikkje berre bryt etiske retningsliner, men han er også på kant med Datatilsynet.

Førre artikkel– Våren er på veg!
Neste artikkelDå er sauetalet dobla