Trefelling, sjokk og løgn på beitet

413
Dramatiske scener på sauebeitet. (Foto: Håvar Fagerli

Påskekrimmen i førre veke vart berre barnemat mot det som hende palmehelga.

– Vi fatta mistanke om at noko forferdeleg var i vente då vi fekk dobbel porsjon med sauemjøl den morgonen, seier Berta, for tida sjokkert og svært skuffa tillitssau.

Våren hadde denne siste dagen i mars tatt ei uventa pause, og vinteren herja på Fjellet med kalde snøbyger. Eit kvitt teppe la seg over dei våryre grøne spirane som hadde sett fram til varme påskedagar. Det var ei trykka stemning i flokken grunna dette noko trasige vêrskiftet. Men det skulle vise seg at den bitande nordavinden berre var ein liten bagatell mot det som Fjellaren svinga opp med seinare på dagen.

Fjellaren kom så stolt ned på beitet, samla flokken og fortalde følgjande:

– No er det ikkje nokon liten småbrukar de har framfor dykk lenger. No har de æra av å konversere med ein bonde som har tinga leigekarar heilt frå Polen.

Flokken reagerte med noko undring over denne informasjonen.

– Vi var no klar over at denne sauebonden ikkje er heilt moden for den store oppgåva det er å vere sauebonde. Kanskje like greitt at vi kunne få litt fri frå amatørar ei stund, tenkte vi. Men vi sette sauemjølet i halsen då vi fekk høyre kva arbeidsoppgåver desse leigekarane skulle utføre, fortel ein tydeleg oppskjørta tillitssau.

Inn på beitet kom to strame karar med oransje hjelmar og motorsager. Dei gjekk laus på granene som flokken nyttar til opphaldsstad når det regna som mest.

– Vi reagerte med vantru og sjokk, då vi såg dei massakrere granene som vi var blitt så glad i, fortel Berta med tårer i augene.

Ikkje nok med det. Fjellaren dreiv med avleiingsmanøvrar, og greidde å forvirre flokken slik at dei ikkje greidde å organisere ein samla protest.

– Hadde vi visst dette litt før, hadde vi sjølvsagt lenkja oss fast til trea, seier tillittssau Berta.

– Sauebonden serverte kaffi, sveler og kaker til leigekarane, peika på oss, og lo. Ei skammeleg framferd. Det verste var at dei som tok trea våre, hadde på oppfordring frå Fjellaren saga ned trea for at fjellarane skulle få betre utsyn frå huset sitt, held ho fram.

Sauen.no er kjend for å drive undersøkjande journalistikk. Vi har snakka med fleire sikre kjelder, og kan kome med følgjande avsløring:

Fjellaren hadde slettes ikkje ordna seg leigekarar denne laurdagen. Dette var berre oppspinn og sjølvskryt. Dei dyktige arbeidskarane var leigt inn av kraftlaget, og dreiv med rydding av kraftliner. Det har ikkje lukkast sauen.no å få Fjellaren i tale etter at dette vart kjent..