Som følgje av nettsaka vi omtalte i går, trugar no tillitssau Haldis Saudnydott med å gå av. Men nettsauen Bjarnhild Dagnydott rikkar seg ikkje.

Det er no ei spent stemning på sauebeitet. I går kunne sauen.no melde om Bjarnhild Dagnydott gøymde seg i skogen etter nokre uheldige postingar på nettet. I dag, søndag, har den meir religiøse delen av saueflokken samla seg for å vurdere eventuell mistillit til Bjarnhild Dagnydott.

Dette reagerer tillitssauen Haldis kraftig på.

– Om det er nokon skal gå av, så er det eg. Eg er den einaste sauen med eit formelt tillitsverv. Om det er nokon det skal stillast mistillitsframlegg mot, så er det meg, seier den fornærma tillitsauen. (Vi minner også om det vår trufaste lesar Peder i Fjøra tidlegare har påpeika.) 

Haldis Saudnydott har eit poeng. Per i dag har ikkje Bjarnhild Dagnydott noko verv i flokken som ho kan trekkje seg frå.

– I så fall vil vi eventuelt gje Bjarnhild Dagnydott eit verv, for så krevje at ho trekk seg frå dette, seier ein talssau for grupperinga som vurderer mistillit.

Andre søyer vi har snakka med i dag tek også kraftig avstand for all form for netthets. Dei tykkjer lite om at Bjarnhild Dagnydott let seg fotografere i eit hav av blomar og støtterklæringar frå andre ekstreme søyer.