– Det er ei stor glede å ynskje velkomen til nye sauen.no, seier Lilly Dordidott, utviklingssau og prosjektleiar.
Prosjektleiaren har koordinert heile renoveringa med sauen.no. Der alt av tekst, video, og foto har blitt pussa opp og lagt fint på plass på den nye nettstaden.
– Kva er endringane i forhold til den førre utgåva av sauen.no?
– No kan lesaren søkje seg fram til artiklar og emne som interesserer. I tillegg kan ein fort finne alt stoff om ein spesiell sau. Det blir no litt artig å sjå kva sau som er mest populær. Om ein tek ein kikk på det som vi kallar «merkelappar», ser ein at Haldis er den sauen som er mest omtalt til no, seier Lilly.
Foto av sau
Nye sauen.no har også gjeve bileta litt meir plass. I kvar artikkel kan ein klikke på bileta for å sjå dei i større format. Ein kan vidare raskt blade seg gjennom alle bileta i den aktuelle artikkelen. Det er høve til å kjøpe alle bileta som er på sauen.no. Privatpersonar kan tinge bileta på lerret eller i ramme. Føretak kan kjøpe digital bruksrett til bruk i trykksaker eller på internett. De finn meir om dette her.
– Dei som ynskjer å kommentere artiklane kan no også gjere det. Ein må då opprette ein brukar, og vi må sjå gjennom første kommentaren før vi legg han ut på nett. Vi sauer kan som kjent vere noko skeptiske, men når vi har godkjent første kommentar er du velkomen til fritt å skrive inn kommentarar fortløpande.
Det er også no mogleg å dele artiklar på sosiale media. – Vi håpar at flest mogleg kan dele litt av det de finn her, seier den frimodige sauen.
– Vi ser at de har sunke så lågt at de har starta opp med annonser på sida dykkar?
– Ja, det er Fjellaren sin idé. Han har visst tenkt at vi etter kvart skal tene nokre kroner på nettsida vår. Han seier at til fleire klikk, til meir kraftfôr blir det på oss. Det kostar å vere sauebonde, seier Lilly.