Fleire og fleire ynskjer å starte opp med gammalnorsk spælsau. – Det er svært gledeleg, seier Fjellaren til sauen.no. Her har vi lista opp kva som må gjerast før ein kan handle livdyr.

Kva må gjerast?
Ver tidleg ute
Det er lurt å planleggje på lang sikt. Papirarbeidet til dei offentlege etatane kan somme tider ta litt tid, og det kan nokre år vere ekstra stor etterspurnad etter dyr. Sauen.no arbeider etter prinsippet «førstemann til mølla», og har måtte dei siste åra seie nei til fleire som var interesserte i livdyr. Det er også lurt å gjere avtale året i førevegen, då ein enklare kan planlegge kor mange søyer som skal påsettast komande haust.
For kjøp av livdyr ta kontakt på e-post eller telefon 942 79 790.
Prisar 2017 (eksl. mva):
Søyelam: 2 600 kr
Gimrer: 3 000 kr
Vaksne søyer: 3 000 kr
Ukåra vêrlam: 2 600 kr
Kåra vêrlam: 3 300 kr
Risbit eller vaksen vêr: 3 000 kr
Stamtavle
Alle livdyr som vert levert frå sauen.no har stamtavle, helsekort og produksjonsbevis. Sauen.no er medlem av Sauekontrollen. Ein kan òg sjå stamtavla til livdyra på sauen.no. Her får ein sjå foto av samtlege søyer og vêrar som har trakka i bakkane på Fjellet. Sauen.no arbeider etter rasestandardane til Landslaget for gammalnorsk spælsau, og alle produksjonsdyr på garden er rasegodkjent av Landslaget.